Hels på sommarvikaren Eline

I Gloppen kommune har vi mange sommarvikarar som gjer ein viktig jobb for oss!

Eline Rønnekleiv (19) er ein av dei, og ho jobbar som vikar ved Hyen heimeteneste, Løkjatunet, denne sommaren!

Eline er oppvaksen i Hyen, og sidan det er i Hyen ho bur vart det mest naturleg å jobbe her. Ho jobba ved Løkjatunet i fjor sommar også, og trivdes veldig godt, derfor ynskte ho å vere her denne sommaren og.

Dei arbeidsoppgåvene Eline har går ut på å stelle brukarane og passe på at dei har det bra, samt å vaske med dei. Det beste med jobben er å kunne hjelpe folk som treng det. 

Ho føler og så at ho har blitt tatt godt imot på Løkjatunet og fått god opplæring, her trives ho godt.

Så langt har Eline gått 3 år på Mo og Øyrande vidaregåande skule, avdeling Mo. Til hausten skal ho starte på sjukepleien i Førde. Ho kjem gjerne tilbake og jobbar her i Gloppen neste sommar også.

Vi ynskjer Eline ein riktig god jobbsommar og takkar for at ho er vikar hos oss!