Hels på sommarvikaren Ahmed

I Gloppen kommune har vi mange sommarvikarar som gjer ein viktig jobb for oss!

Ahmed Aldibil (23) er ein av dei, og han jobbar som vikar ved Gotatoppen denne sommaren!

Ahmed er oppvaksen i Libya, og flytta til Sandane i 2019. Han ville arbeide her fordi han bur her saman med familien, og har  gode vener her. Han syns her er fint, flott natur og rolig og stille slik som han likar. Han går studiespesialiserende på Firda vgs. Til hausten startar han på 3. året, og skal samtidig fortsette å jobbe kvar andre helg på Gotatoppen. Han ønskjer å studere vidare innan helse, og søkte på jobben for å få erfaring. Bror til  Ahmed starta først på Gotatoppen, og han anbefalte han å vere vikar der. 

Arbeidsoppgåvene ved Gotatoppen er å passe på at dei eldre har det godt, hjelpe dei med daglege behov slik som stell, måltid, aktivitetar som å spele bingo, kaste ballong, synge ilag og helst ein gåtur ute saman med dei kvar vakt. Passe på dei ulike behova dei har og at vi er ein tryggheit for dei.

Det beste med  jobben er å jobbe saman med personalet her, alle her er smilande og imøtekomande noko som gjere det kjekt å kome på jobb. Ahmed syns og det er kjekt å sjå korleis dei eldre har det, prate med dei og på den måten lære meir om språket og kulturen her.

Han har blitt tatt godt i mot frå første dag og føler seg trygg saman med gjengen der. Han blir inkludert gjennom samtalar og føler  likeverd sjølv om han er assistent. På lunch snakkar vi saman, og alle vert inkludert.

Ahmed ønskjer å jobbe der neste sommar også, då blir det tredje sommaren som vikar på Gotatoppen. 


Vi ønskjer Ahmed ein riktig god jobbsommar og takkar for at han er vikar hos oss!

Ahmed Aldibil er sommarvikar på Gotatoppen Andrea Kandal