Hels på sommarvikarane Sofie, Lisa og June

Gloppen kommune har vi mange sommarvikarar som gjer ein viktig jobb for oss!

Sofie (21), Lisa (23) og June (21) er tre av dei, og dei jobbar som vikarar ved heimestenesta Breim denne sommaren!

Sofie Nåtås er frå Breim og går på skule i Ålesund. Til hausten skal ho til på 3 året på sjukelpleien. Ho kan gjerne tenke seg å jobbe i heimetenesta i Breim seinare og. Det er ein bra arbeidsplass med kjekke kollegaer.

Lisa Selsvik er frå Sandane og ho studerer i Bergen der ho skal starte på 4 året. Ho skal bli lærar i historie og spansk. Arbeidsplassen i Breim er fin og med kjekke kollegaer, og ho kjem også gjerne tilbake for å jobbe her seinare og.

June Sårheim er også frå Breim. Til hausten skal ho studere 1 året på sjukepleie i Stavanger. Ho er einig med dei andre om at heimetenesta Breim er ein god arbeidsplass med hyggelege kollegaer. Også ho kjem gjerne tilbake for sommarjobb her til neste år.

Vi ønskjer June, Lisa og Sofie ein riktig god jobbsommar og takkar dei for at dei er vikarar hos oss!

Fv. Sofie, Lisa og June Marit Våtevik