Hels på sommarvikarane Emil, Mikael og Sander

I Gloppen kommune har vi mange sommarvikarar som gjer ein viktig jobb for oss!

Emil Helgheim (15), Mikael Solheim (18) og Sander Granheim (15) er tre av dei, og dei jobbar som sommarvikarar i uteseksjonen denne sommaren!

Emil er oppvaksen i Åsen, Mikael på sørstranda og Sander i Leirbrekka.

Emil var på utplassering i uteseksjonen i praksisveka til ungdomsskulen og likte seg så godt at han gjerne ville kome tilbake. Sander likar praktisk arbeid og søkte derfor etter jobb her. Dei syns at det beste med jobben er at dei har greie og sosiale medarbeidarar. Arbeidet er kjekt og variert. Til hausten skal Emil og Sander gå siste året på Gloppen ungdomsskule. 

Mikael har gått bygg/anlegg vg1 og tip vg1. Han søkte jobb for å tene seg litt pengar til skulestart. Det beste med jobben er at det er kjappe og greie arbeidsdagar. Til hausten skal han gå Vg2 køyretøy.

Arbeidsoppgåvene i uteseksjonen har vore å beise/måle pumpestasjonane. 

Dei tykkjer arbeidsstaden har teke godt imot dei og dei har det fint!

Alle kan godt tenke seg å jobbe fleire sommarar i Gloppen! 

Vi ynskjer Emil, Mikael og Sander ein riktig god jobbsommar og takkar for at dei er vikarar hos oss!

Emil Helgheim og Mikael Solheim er sommarvikarar i uteseksjonen Odd Erik Bjørlo      Sander Granheim er sommarvikar i uteseksjonen Odd Erik Bjørlo