Grønt nivå i barnehagar og skular

Gloppen går over til grønt nivå i barnehagar og skular frå måndag 17. januar. Dette er basert på kommuneoverlegen si vurdering av situasjonen i Gloppen.

Vidare informasjon vil kome frå den enkelte barnehage og skule.

For grønt nivå gjeld:

  • Ingen sjuke skal møte på skulen.
  • God hygiene og normalt reinhald.
  • Vanleg organisering av avdelingar og klasser i barnehage- og skulekvardag.
  • Dei nasjonale tiltaka for isolasjon, karantene, testing og kontaktreduserande tiltak.