Fylkeskommunen overtek ansvaret for TT-kort/drosjekort

Fylkestinget i Vestland fatta den 16.desember 2020 vedtak om å innføre ei ny felles forskrift for transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne i Vestland (TT-ordninga) fom 1. januar 2021.

Ei av endringane i forskrifta er at det er administrasjonen i fylkeskommunen som skal handsame alle søknadar frå heile fylket. Dei som allereie er godkjende brukarar av ordninga med TT-kort har fått tilsendt nytt kort med tildelt beløp, og informasjon frå Vestland fylkeskommune.  

Skal du søke om TT-kort, bestille nytt kort eller lurer du på kva saldoen på kortet ditt er så finn du informasjon om dette ved å følgje linken nederst på sida. 

Brukarar får no godkjenning for 2 år for mellombels sjukdom/nedsett funksjonsevne, eller når det er tvil om sjukdom/nedsett funksjonsevne er varig. I særskilde høve kan brukarane få godkjenning for eit år.

Brukarane får godkjenning for 10 år for varig sjukdom/nedsett funksjonsevne. Brukarar med varig sjukdom/nedsett funksjonevne som er utan utsikter til betring av tilstanden kan få livsvarig godkjenning. 

Brukarar som oppfyller særskilde krav får utvida brukarkvote, som til dømes rullestolbrukarar og blinde/svaksynte.

 

Søknadsskjema og meir informasjon om tenesta finn du her.