Brannsjefen åtvarar!

Det er no så tørt i heile kommunen at brannsjefen minner om det generelle forbodet om å fyre opp eld i og i nærleiken av utmark, og ber alle om å ta omsyn til dette.
 

Sjølv eit kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr på terrenget. Litt vind og ein gnist kan vere nok for antenning. 
Vi advarar spesielt om eingongsgrillar, som kan gløde lenge etter at det ikkje er synleg varme.
Det er no so tørt at vi meinar det er uansvarleg å gjere opp eld sjølv på innmark.

Det vert vurdert eit totalforbod, inntil det kjem meir nedbør.


Brannsjefen

Klikk for stort bilete