Publisert 26.04.2022

Gloppen kommune benyttar eit sms-system for varsling til huseigarane om feiing.

Publisert 18.03.2022

Krigen i Ukraina har sendt mange menneske på flukt. 

Gloppen kommune ynskjer å kartlegge kven som kan ha ledige husvære som kan egne seg til innkvartering av Ukrainske flyktningar. Dette kan vere både hus, leiligheter og eller hytter som ikkje er bebudd men som er i god stand. 

Publisert 11.03.2022

Fv. 5730 på Aa i Hyen vert stengd ved Tverrelva bru i periodar på dagtid i fem veker.

Publisert 27.01.2022

Hurtigtestar vert utlevert ute ved raud testbrakke ved Gloppen legesenter kvardagar kl 10, kl 13 og kl 15.30. Utanom desse tidene er det ikkje utlevering.  Møt presis, helst i bil.

Har du fått beskjed om at du er nærkontakt eller har symptom på luftvegsinfeksjon vil du få utdelt testar ved oppmøte. Du treng ikkje avtale på førehand. 

 

Publisert 16.12.2021

Økonomisjef Remi Lone Nilsen er tilsett som kommunedirektør i Loppa kommune, og har i dag sagt opp stillinga si i Gloppen kommune. Sluttdato er ikkje endeleg avklara, men vil venteleg vere rundt 1. april 2022. Kommunedirektøren i Gloppen ønskjer å takke Nilsen for innsatsen han har lagt ned for kommunen, og ønskjer han lykke til med nye utfordringar i Finnmark.

Publisert 30.09.2020

Som ei av få kommunar i Vestland fylke har Gloppen no fått full breibandsdekning. Det vil seie at alle husstandar kan nytte seg av tilbodet om å kople seg på breiband, heilt uavhengig av kvar ein bur. Vi har ca 2420 husstandar i Gloppen godt fordelt utover den vidstrakte kommunen vår. 

Publisert 19.12.2018
Utdeling av prisar kommunestyremøtet 2018

Trivselsskogen vann fylkesfinalen og er kåra til den beste turruta i Sogn og Fjordane. Prisen vart delt ut under kommunestyremøtet i Gloppen i dag, og det var Per Hilleren, juryformann i Gjensidigestifelsen som stod for utdelinga. Prisen var motteken av Christine Aagard Midthjell frå Trivselsskogen SA og Vegard Fargeli frå Midtre Nordfjord Turlag. 

Publisert 18.12.2017
frå venstre: Tor Teigland frå Sætren installasjon, Oddrun Ommedal, einingsleiar Hyen heimeteneste og Leif-Petter Solli, elektrikar/vaktmester i Gloppen kommune.

Forige veke vart fem dørlåsar monterte i heimesjukepleieområdet Hyen, desse skal vere med på å effektivisere arbeidet i heimetenesta då ein slepp å bruke fysiske nøklar samt unødig tidsbruk når alamar er utløyste og ein må rykkje fort ut til pasientane.

 

Publisert 03.11.2017

Med digital postkasse får du tilgang til posten din på ein rask og trygg måte - same kvar du er i verda. Digital postkasse er internett sitt svar på di vanlege postkasse - er du klar til å ta i mot post digitalt?