Publisert 30.09.2022

Vi markerer FN sin internasjonale dag for eldre -  1. oktober - med å snakke om fallskader og fallførebygging.

Ved å forebygge fall som kan gje hoftebrot legg vi til rette for ein aktiv alderdom.

Publisert 29.09.2022

Furelia i Åsen vert stengt i dag, torsdag 29. og fredag 30.september på grunn gravearbeid ved  Furelia 12B.   

Publisert 27.09.2022

Erfaring og forskning viser at trening vil kunne gi auka handstyrke, mindre smerter og bidra til at du klarer daglege aktivitetar betre. 

Frisklivssentralen i Gloppen Kommune startar treningsgruppe for dei med handartrose. 

Publisert 26.09.2022

Har du nett blitt eigar av ein landbrukseigedom med skog eller er du ein skogeigar som kan tenkje deg å friske opp kunnskapane om det å vere skogeigar?

Gloppen kommune arrangerer i samarbeid med Skogselskapet i Sogn og Fjordane og skogeigarlaget i Gloppen kurs for nye (og gamle) skogeigarar.

Publisert 23.09.2022

På vegne av grunneigarar varslast det etter Plan- og bygningsloven § 12-8 om utviding av planområdet i tidligare varsla detaljreguleringsplan for Sjøfronten Sandane sentrum i Gloppen kommune, 11.01.2022.

Innspel til planen må vere skriftleg og sendast til Kibsgaard-Petersen AS innan 24. oktober 2022.

Sjå heile kunngjeringa i vedlegga:

Publisert 23.09.2022

På grunn av gravearbeid for nytt VA anlegg og kabler vert Orevegen stengt for gjennomkøyring frå fredag 23. september og ei periode framover. 

Publisert 20.09.2022
sti furu skog

Her kjem aktuelle nyhende frå landbrukskontoret. Har du spørsmål om noko, ta kontakt med oss!

Publisert 20.09.2022

Den førebelse møteboka frå kommunestyremøtet 19. september er klar.

Publisert 19.09.2022

Skogselskapet arrangerer motorsagkurs i Gloppen 19. og 20. oktober.

Kurset består av ein teoretisk kurskveld med påfølgande praktisk dag i skogen.

Publisert 15.09.2022

Søknadsportalen for tilskot til Regionalt Miljøtilskot opnar 15. september, då kan alle som vil gå inn å søke.
Søknadsfrist er 15. oktober (same søknadsfrist som for produksjonstilskot).

For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november.

 

Publisert 15.09.2022

Den førebelse møteboka frå formannskapsmøtet onsdag 14. september er klar.

Publisert 14.09.2022

FHI anbefalar oppfriskingsdose (dose 4) av koronavaksine for følgjande målgrupper (i prioritert rekkefølge):

  • Personar med alvorleg svekka immunforsvar 
  • Personar som er 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar  
  • Personar i aldersgruppa 18-64 med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19 
  • Ungdom i alderen 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Gravide i 2. og 3. trimester
 
Publisert 05.09.2022

Landbrukskontoret minner om siste frist for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding som er :
20. september.

Publisert 01.09.2022

Aina Drage er mobbeombod for barn og unge i Vestland, og jobbar for at barn skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skulen. Mobbeombodet kjenner barn og unge sine rettar og kan fortelje korleis ein skal gå fram om eit barn ikkje har det bra i barnehagen.  Alle kan ta kontakt

Publisert 31.08.2022

LivOGLyst-konferansen er ein møteplass og open arena for alle som er interessert i lokalsamfunnsutvikling, eldsjeler, frivillige, tilsette i kommunar og søkjarar til LivOGLyst-programmet. Deltaking på konferansen er gratis

Publisert 25.08.2022

Hjortejakta nærmar seg! Skulle du vere uheldig så finn du det du treng av informasjon her:

Informasjon frå Gloppen Ettersøksring før jakta 2022 (PDF, 687 kB)

 

Publisert 24.08.2022

Idrettslag m.fl. kan søkje om spelemidlar til bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet som er opne for allmenn bruk.

  • Anlegg for idrett og friluftsliv kan få tildelt 1/3 av godkjent totalkostnad. 
  • Nærmiljøanlegg kan få tildelt 1/2 av godkjent kostnad.

Søknadsfrist er 15. oktober.
Godkjente søknader som ikkje fekk tildeling i år, må fornyast.

Publisert 19.08.2022

Gardsbruk med store avlingstap grunna klima kan søkje om tilskot ved produksjonssvikt. Store nedbørsmengder som gjer det vanskeleg eller uråd å hauste inn enga er grunn for å søkje erstatning. Meld inn til kommunen snarast råd om du trur det vert stort avlingstap.

Publisert 15.08.2022

Thorbergsens legat vart oppretta for å gje tilskot til uføre barn og ungdom frå gardane Egge, Gåsemyr og Strand i Gloppen og Klakegg i Jølster. Søknader frå nokon som bur i Breim og på Klakegg skal derfor prioriterast.

Sidan målgruppa i dei gamle statuttane for legatet ikkje lenger er så stor, kan midlane frå fondet brukast til alle føremål som er til hjelp for vanskelegstilte barn og unge i Gloppen.

Publisert 29.07.2022

Det kan sjå ut som at det har blitt meir og meir kanadagås i kommunen siste åra, og etter fleire meldingar om at ein flokk med kanadagås har oppholdt seg på gjestebrygga i Sandane sentrum, vil utmarksforvaltaren oppfordre til jakt på arten.