22. juli 2011 - Vi skal aldri gløyme

Det er 10 år sidan det utenkjelege skjedde. Terrorangrep i vårt stabile demokrati.  Terrorangrep mot regjeringskvartalet og mot AUF sin sommarleir på Utøya. Terror som tok så mange liv og laga så mange ulækjelege sår.

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg var tidleg ute og sa at dette skulle møtast med meir demokrati og meir openheit. Det var viktige ord for oss alle å høyre. Demokratiet vårt er ikkje sjølvsagt. Det må kjempast og forsvarast for kvar dag, også her hjå oss. 

Dagen i dag vert markert over heile landet og kyrkjeklokkene skal ringe. I dag bør vi alle setje av litt tid for refleksjon og ettertanke over det som som skjedde, men også for korleis vi skal hindre at liknande hendingar ikkje skal skje igjen.

Vi skal aldri gløyme.

 

Oversikt over offisielt program for 10-års markeringa finn du her, på regjeringa si nettside