Gløymt passord?

Reglementet er fastsett av administrasjonsutvalet den 14.april 2016, sak 003/16.

 

I: Omfang og alternativ

§ 1-1 Omfang og bakgrunn
Desse reglane gjeld for tilsette i Gloppen kommune og omfattar kjøp og bruk av elektroniske kommunikasjonstenester (EK-tenester). Reglane kan også gjerast gjeldande for folkevalde i Gloppen, men først etter særskilt vedtak om dette av kommunestyret.

§ 1-2 Skattepliktige EK-tenester
Kva som er meint med skattepliktige EK-tenester, kva som utløyser skatteplikt og korleis skattlegging skal gjerast, går fram av gjeldande skattereglar. Dei mest aktuelle EK-tenestene er telefon og breiband. Arbeidsgjevarbetalt PC og evt. utstyr til denne er etter dagens skattereglar ikkje skattepliktig EK-teneste ved bruk i teneste.

§ 1-3 Kommunal mobiltelefon
Bruk av kommunalt betalt mobiltelefon (også vakt-/beredskapstelefon) utløyser ikkje skatteplikt for brukar når telefonen berre blir brukt i arbeidstida, på tenestereise og ved sporadisk bruk, og elles lagt igjen på arbeidsplassen. Slike mobiltelefonar skal som hovudregel ikkje registrerast med namngjevne personar som brukar.

Tilsette som pga beredskap eller behov for å vere tilgjengeleg har avtale om å disponener kommunal mobiltelefon utanfor ordinær arbeidssituasjon, får skatteplikt etter gjeldande reglar *). Slike telefonar skal som hovudregel registrerast med namngjevne personar som brukarar.

Tilsette som ikkje har kommunal mobiltelefon kan få refundert private ekstrautgifter for kommunal telefonbruk, etter spesifisert rekning frå mobileigar.


§ 1-4 Tildeleing
Tildeling for bruk utanfor ordinær arbeidssituasjon og tildeling av andre EK-tenester blir gjort av rådmannen.


III: Iverksetting og praktisering

§ 3-1 Endringar og tolkingar
Endringar i dette reglementet skal gjerast av administrasjonsutvalet.


§ 2-2 Iverksetting mm 
Reglementet gjeld frå vedtaksdato. Frå same dato blir reglar for tildeling og bruk av mobiltelefon i Gloppen kommune, fastsette av rådmannen den 20.juni 2007, oppheva


Di e-postadresse