SOFORK

Sogn og Fjordane symfoniorkester inviterar til konsert i kultursalen.

Dato
4. februar 2023
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Wolfgang Amadeus Mozart komponerte i 1778 fløytekonserten i G-dur . Mozart budde då i Mannheim og konserten vart bestilt av ein rik forretningsmann som heitte De Jean. Mozart vart distrahert og konserten forsinka fordi han forelska seg i sangerinna Aloysia Weber. Men musikken har vi og vert spelt av fløytistar og orkester over heile verda. Denne gongen er det distriktsmusiker Helga Lied Wyrtz som er solist og det blir ei flott oppleving.

Verdi sin tredje opera, Nabucco, vart første gong framført 9. mars 1842. Det vart gjennombrotet for Verdi som operakomponist. Operaen vart ein stor suksess, spesielt slavekoret “Va, pensiero” som fortsatt er ein av dei mest kjende klassiske melodiane i verda. Melodien er og ein del av overtyren som har vore ein publikumsfavoritt i nesten 200 år. Den opner med eit firestemt trombone- og tubakor, etterfulgt av eit dramatisk utbrot i heile orkesteret. Temaet som følgjer er mystisk og oppjaga. Etter andantinopassasjen der “Va, pensiero” vert presentert spinn overtyren vidare inn i ei feststemt og spennande finale med et musikalsk fyrverkeri på slutten.

Komponisten Leoncavallo komponerte operaen Pagliacci i 1892. Den blir ofte framført saman med Puccini sin opera Gianni Schicchi. Sofork framfører det vakre intermezzoet frå 1. akt.

Eivind Groven var ein norsk komponist, folkemusikksamlar, musikkforskar og spelemann. I 1950 skreiv han festovertyren “Hjalarljod” til opninga av nye Oslo rådhus då byen feira 900-årsjubileum. Å hjalle betyr å synge så det gjer gjenklang i skog og fjell. Stykket er bygd på ein folketone frå Gudbrandsdalen og er rik på fargar og kontrastar. Verket vekslar mellom jubel og inderlighet. Oppbygninga er stram og komponisten har vore kreativ i bruk av den fargerike paletten av blåseinstrument. Den synkoperte gangarrytmen ligg stadig under og bidreg til den ekstatiske framdrifta.

Billettar finn du her

 

Arrangør

SOFORK - Sogn og Fjordane Symfoniorkester
Postnummer og stad
6802 Førde

Filter

Søk