VESTIGIA

Hugsar du sist du gjekk berrføtt? Hugsar du sist du laug om noko? Kva med den gongen
du vart redd for eit dyr?

Dato
28. januar 2023
Tid
17:00 - 18:15
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Å mimre og sjå seg tilbake har gjerne eit sentimentalt drag over seg. Det kan likne dagdrøyming, noko me helst tek oss tid til når alt det andre «viktige» er gjort. I dag har me fleire hjelpemiddel enn nokon gong før til å arkivere minna våre. Likevel kan ein ikkje overlate sjølve handlinga mimring til noko utanfor ein sjølv: ein må delta praktisk med tankar, ord og rørsler. Dei 8 utøvarane frå ESC ungdomskompani har fått lage danserørsler med utgangspunkt i sine eigne, personlege minner og slik gitt desse minna eit vidare liv og ei ny drakt. Dei lyttar aktivt til stadene der musikken, rørslene og
berøringane tangerer kvarandre. Kanskje dette liknar vår alles felles hukommelse. Om me er merksame kan det imellom koret av enkelståande minner oppstå augneblink av attkjenning, flyt og heilskap.


Vestigia (lat): spor, restar etter noko som var.

Billettar finn du her

Koreograf: Anna Einemo Frøysland
Komponist: Christian Wallumrød
Kostyme: Silje Sandodden Kise
Lys: Stephen Lunn
Koreografi assistent: Brita Grov
Ytre Øye: Karen Eide Bøen
Dansere: Birgitte Sletten Christiansen (Alver), Dekontee Bente Esther Manyeah (Bergen), Diane Morgan Acheing Onyango (Bergen), Fryd Synnøve Hyrve Kaland (Voss), Guro Arnetvedt Tvedt (Bergen), Ingeborg Rørlien (Bergen), Maria Pauline Eide Berentsen (Bergen), Thomas Myklebust (Gloppen),
Produsent: Sølvi Katrine Andersen v/ Bergen Dansesenter
Støttet av: Norsk Kulturfond, Vestland Fylke, Bergen Kommune, Det Norske Komponist Fond, Sparebanken Vest og Fana Sparebank.
Co-produsent: BIT Teatergarasjen.

 

Fotograf: Thor Brødreskift

Arrangør

Trivselshagen

Filter

Søk