Verda og vi: Aage Storm Borchgrevink

«Hvem er Vladimir Putin?»

Dato
16. februar 2023
Tid
20:00 - 21:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Aage Storm Borchgrevink (fødd 1969) er ein norsk forfattar og litteraturkritikar. Han har hatt tillitsverv i fleire norske og internasjonale menneskerettsinstitusjonar, som Norsk PEN, Russian Justice Initiative og Sivilombodet i Georgia. Sidan 1992 har han vore knytt til Den norsk Helsingforskomiteen med spesielt ansvar for menneskerettssituasjonen i Georgia, Russland og Tsjetsjenia.

Borchgrevink er skribent i Morgenbladet, og har vore spaltist og kritikar i Dagbladet, Aftenposten og Klassekampen. I 2000 debuterte han som romanforfattar, og har seinare gitt ut både skjønnlitterære verk og sakprosa. Han fekk Kritikerprisen for En norsk tragedie: Anders Behring Breivik og veiene til Utøya (Gyldendal 2012).

Aage Storm Borchgrevink har arbeidd med Russland heile sitt vaksne liv, og i 2022 gav han ut boka Krigsherren i Kreml: Vladimir Putin og hans tid.  Boka skildrar Putins veg til makta i Russland og er ein kortfatta og levande biografi om Russlands president. Putin blir skildra dels som varulv og dels som keisar og som leiar for moderne fascisme. Boka er nominert til Brageprisen i kategorien sakprosa.

Billettar finn du her

 

Arrangør

Verda og vi

Filter

Søk