Verda og vi: Simon Stranger

«Holocaust – fortellingen om en jødisk familie og en landssviker»

Dato
26. januar 2023
Tid
20:00 - 21:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Kvar kjem ideane om å utrydde jødane frå? Kva fekk den beskjedne Henry Rinnan til å bli ein av dei mest hata personane i historia vår? Og kvifor skulle ein jødisk familie etter andre verdskrigen velje å flytte inn i «Bandeklosteret», det berykta hovedkvarteret til Henry Rinnan?

Forfattaren Simon Stranger er gift med ei kvinne av jødisk opphav. Då han fekk vite at familien hennar hadde budd i huset til Rinnanbanden, tok han til å grave fram historia til svigerfamilien sin. Dette resulterte i romanen ‘Leksikon om lys og mørke’,  - ei forteljing om Strangers jødiske svigerfamilie og om den brutale landssvikaren Henry Rinnan.

Simon Stranger set saman brikker som spenner over eit århundre og kjem inn på dei vakraste og vondaste sidene ved menneskelivet - dei lysaste og dei mørkaste.

I anledning Holocaust-dagen 27.januar vil Stranger presentere eit bildeforedrag med opplesing og spesialskriven musikk i Trivselshagen. Han vil også fortelje om prosessen med romanen og om vegen til å bli forfattar.

Simon Stranger er ein norsk forfattar som har skrive romanar for ungdom og vaksne i tillegg til ei rekkje barnebøker. Bøkene er omsette til fleire språk. Han har vunne fleire litterære prisar, og fekk gjennombrotet sitt med «Leksikon om lys og mørke».

Billett finn du her

Agnete Brun

 

Arrangør

Verda og vi

Filter

Søk