-
Tidspunkt
-
Laurdag 28.01.2023 20.00 - søndag 29.01.2023 02.00
-
Stad
-
Gimle
Bon Scotch
Tributebandet Bon Scotch er ein hyllest til AC/DC og Bon Scott, og består av eit solid knippe innbarka rockefantastar som meiner at folk fortener å sjå sceneshowet og høyre soundet til AC/DC's første lineup. Det er difor lagt ned mykje arbeid i å skape trøkket og karismaen som skal til for at konsertopplevinga skal kunne måle seg med showet til moderbandet under siste halvdel av 70-talet. Til alle som gremjast over at de ikkje fekk oppleve det verkelege til AC/DC – her er dykkar sjanse til å nyte dette! Bon Scotch har holdt det gående sidan 2006, spelt mykje rundt i Norge og har og gjort konserter i Tyskland.
T.O.R. Teachers Of Rock
er eit Sandane-basert band som spelar ulike typar rock frå 1970-talet og fram til i dag. Dei fem medlemmane av bandet har ulik musikalsk bakgrunn, men har til felles at dei likar å spele rock med groove og trøkk. Repertoaret består mellom anna av låtar frå Tom Petty, Jimi Hendrix, Lenny Kravitz, Alice in Chains og Jack White.
Dørene opnar 20:00. Arrangementet har 18 års aldersgrense. Billett 270,-ved forhåndskjøp. 300,- ved kjøp i døra.
Billettar finn du her
Arrangør
-
-
Grendahuset Gimle SA
-
Postnummer og stad
-
6823 SANDANE