søndag 2. oktober 2022, 19.00 - 21.40

Informasjon

KRIGSSEILEREN er eit storslått drama som fortel historia og skjebnen til over 30.000 norske krigsseglarar og familiane deira, under og etter andre verdenskrig.

Vi følgjer sjømannen Alfred, gift med Cecilia og nybakt trebarnsfar frå Bergen. Når andre verdenskrig bryt ut er han og barndomskameraten Sigbjørn på jobb på eit handelsskip midt ute i Atlanterhavet. Dei vert tvungen til å fortsette å segle i fronten av ein krig dei ikkje har bedt om, i sivil og utan våpen. Heime i Bergen strevar Cecilia med å klare seg og å ta vare på dei tre borna i eit okkupert land.

Alfred og Sigbjørn kjempar for å overleve i ein nedadgåande spiral av vold og død, der tyske ubåtar korti som helst kan angripe skipet som er lasta med materiell som er nødvendig for dei allierte sin krigsinnsats. Krigsseglarane har eit mål: Å overleve – for å kome heim.

Men korleis går vi vidare med livet og relasjonane når vi har vore fråskilt  i mange dramatiske krigsår? Kan såra legast og gro?

REGISSØR OG MANUSFORFATTER GUNNAR VIKENE OM FILMEN: "KRIGSSEILEREN er laget for å gi nærhet til krigsseilernes innsats og hvilket offer de og deres familier gjorde under andre verdenskrig. Det er nødvendig for å sette i perspektiv den uretten krigsseilerne ble utsatt for etter krigen."

Kjøp billett her

 

: 100

: 130

: 12

: Gunnar Vikene

: Drama / Krigsfilm

: Norge

: Kristoffer Joner, Pål Sverre Hagen, Ine Marie Wilmann

: https://youtu.be/IjqwsHJv1ks

: 02.32

Stad


 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk