Liv Signe Navarsete: Eg veit kva eg snakkar om!

Liv Signe Navarsete i samtale med Jens Kihl, som har skrive den nye boka om ho: «Eg veit kva eg snakkar om!».

Dato
4. november 2022
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Gloppen folkebibliotek, Trivselshagen

 

Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frå Sogn er van med hardt vêr. Før ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fødselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit småbruk.
Men om bagasjen var tung, inneheldt han også verdiar Navarsete visste kor viktig det var å slåst for. Og slåst, det har ho gjort. I denne biografisamtalen får vi vere med på innsida av store gjennomslag og bitre nederlag. Til venskap og vonde personkampar, til bakrom og hotellrom. Til Statsministerens kontor – og heim til Sogn, dit ho også drog då ho vart langtidssjukemeld med PTSD i 2015.

Historia om toppolitikaren Liv Signe Navarsete kunne ha enda der. I staden kom ho tilbake og gjorde det beste stortingsvalet nokon senterpartipolitikar har gjort. Korleis var det mogeleg?
Møt Jens Kihl i samtale med Liv Signe Navarsete og lokale gjester på biblioteket i Trivselshagen denne fredagskvelden.

Arrangør

Gloppen folkebibliotek
Nettside
http://
Telefon
40035164

Filter

Søk