onsdag 9. november 2022, 11.30 - 12.30

Informasjon

Om Per Håland, dumme Oslofolk og resten av Noreg.

Laurdag 16. juli 1949 finn vi ein liten artikkel i VG signert P.H. Her tek VG-journalisten Per Håland (Gula-Per) opp spørsmålet om forholdet mellom Oslo og resten av landet, slik han sjølv hadde opplevd det. «Det er uhyggjeleg kor lite folk flest i Oslo veit om det landet dei lever i og styrer», konstaterte han. Og heldt spissformulert fram slik: «Kvifor er Oslo-folk så dumme?»

Spørsmålet utløyste ein lang og arg debatt i Oslo-avisene. Med åra har spørsmålet vorte ein verkeleg klassikar i norsk presse og samfunnsdebatt. Utanfor Oslo stiller ein seg framleis det legendariske spørsmålet til Per Håland. Lite har endra seg på 73 år.

Eller tek vi feil? Er det kanskje utslitne stereotypiar som framleis lever og blomstrar ute i distrikta, som ligg bak førestillinga om den uvitande og uinteresserte Oslo-folk? For Oslo er då slett ikkje éin homogen by, og resten av Noreg er langt frå å vere eitt einsarta distrikt. Er det no snart på tide å seie endeleg farvel til Per Hålands provoserande spørsmål?

Arnestad vil drøfte dette, og gje oss eit konturane av eit svar. Han vil og fortelje meir om livet og lagnaden til den mangslungne, fargerike og giftige journalisten og redaktøren frå Høyanger.

Georg Arnestad kjem frå Sørstranda. Han er utdanna siviløkonom og økonomisk historikar ved NHH i Bergen, og fekk i si tid lektorjobb ved Firda. Men han sa opp før han begynte og reiste i staden til ein freistande jobb i Oslo. Han har aldri angra på det. Mesteparten av yrkeslivet har han likevel hatt i akademia i Sogndal. Han har også vore ein flittig og utfordrande debattant i media.

Billettar finn du her

 

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk