onsdag 19. oktober 2022, 20.00 - 21.00

Informasjon

Nudging aka dulting som fenomen tek utgangspunkt i psykologi og åtferdsøkonomi, og korleis det kan brukast til å hjelpa oss som individ og som samfunn, slik at utvikling går i ønska retning.

Dulting er gjerne nytta for løysingar på svært konkrete små og store utfordringar. Eit enkelt døme på fenomenet, er når butikkar plasserar frukt og grønt lett tilgjengeleg ved kassa, og bidreg dermed til at folk kan gjere sunnare val.

Jørgen jobbar på Firda vidaregåande skule som avdelingsleiar for studiespesialiserande. Han har bakgrunn som lærar i samfunnsfag og friluftsliv, han sit i kommunestyret for MDG og er uttalt «grovsyklist». Han har igjennom jobb, studiar og politikken vorte fascinert av nudging som fenomen. Dette har han fått testa ut både med varierande hell i privatlivet og på jobb: Den store draumen er at han ein dag kan nudge seg sjølv arbeidsledig, sprek og klok, og jorda til ein betra plass å leva. Enn så lenge har det stort sett ført til meirarbeid.

  Sjå meir info:  Gloppen folkebibliotek

 

Stad


Firdavegen 21,  6823 SANDANE

Tlf.: 40033721

(post): bibliotek@gloppen.kommune.no

URL: https://www.facebook.com/GloppenFolkebibliotek

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk