onsdag 19. oktober 2022, 11.30 - 12.30

Informasjon

Oda Krogh, om å våge å satse, sjølv om risikoen er høg.

Anne Mette Hjelle er fødd i 1963 på Steinkjer, men har budd fleire plassar før familien tok over slektsgarden på Hjelle på Byrkjelo. Faren, Per Hjelle, hadde ei militær karriere og den førte familien rundt i landet før dei "landa" i Breim. I Gloppen gjekk ho på Gloppen ungdomsskulen og Firda vidaregåande skule. Ho har lang fartstid som journalist, m.a. frå Firda Tidend På Sandane og Nrk Sogn og Fjordane i Førde. Dei siste 26 åra har ho budd og arbeidd i Førde. Anne Mette var kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet i 10 år før ho midt under koronautbrotet valde å avslutte fast og trygg jobb i staten for å starte eige selskap.

Hjelle studerte i sin ungdom statsvitenskap ved universitetet i Oslo og sosialøkonomi ved det amerikanske universitet i Paris, men fullførte ein mastergrad først i ein alder av 55 år. På Handelshøyskolen BI tok ho faga Digital kommunikasjonsledelse, Endringsledelse og Ledelse, makt og mening. Ei av prosjektoppgåvene hennar handla om Oda Krohg, ei av verkeleg få kvinner i Christiania-bohemen på slutten av 1800-talet - ei tid med store samfunnsmessige brytningar, til liks med i dag. 

Det påverka hennar val om å satse i eige selskap. 

På senioruniversitetet skal ho snakke om Oda Krogh, om å våge å satse, sjølv om risikoen er høg.

Billettar finn du her.

 

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk