søndag 16. april 2023, 15.00 - 15.45

Informasjon

Ta med barna på et teatereventyr ute i naturen, og bli med på jakta etter havets hemmelegheiter!

Bølgebrus er ein genistrek av ei framsyning for dei minste. Ei interaktiv teateroppleving der barna får undre seg over havets mysterier på reise gjennom den magiske havparken.

På vegen møter du ein symjande sildestim før du blir virvla vidare gjennom dansande sjøgras. Ein svolten hai dukkar opp. Pass deg! Ei ny bølgje skyller deg heldigvis vidare. Men vent litt. Kva er det glitrande som stikk opp frå sanden?

«Teater på sitt aller beste! (…) Skuespillerne evner å ta barna på alvor»
 iHarstad, 5

«En forestilling der fakta om livet i havet er grunnlag for undring, spenning, lek og utforskning» Nordlys, 5

Bølgebrus blei første gong produsert av Hålogaland Teater og Katma til Festspillene i Nord-Norge i 2021. Med Riksteatret får barn i heile landet moglegheit til å oppleve denne perla av ei framsyning i sitt eige nærmiljø.

Passar for barn fra 3 år. Vakse som følgjer barn går gratis.
Varigheit: ca. 45 minutt.

Billett til forestillinga kl 15:00 finn du her

Billett til forestillinga kl 16:30 finn du her

 

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk