onsdag 22. mars 2023, 19.30 - 21.50

Informasjon

Nina Lykke sparer ikkje på krutet når ho tar tidsånda på kornet og får oss til å le av oss sjølve. Gle
deg til ein nådelaus satire over livet vårt!

Nei og atter nei

Ingrid og Jan har vore gift i eit kvart århundre og bur i ein villa med dei to sønene sine. Gutane er
store nok til å verte rekna som vaksne, men oppfører seg som hotellgjestar. For Ingrid har både
familielivet og læraryrket mista glansen.


Jan, derimot, får opprykk til avdelingsdirektør i departementet og blir overmanna av ein ny og
energisk giv. Og av den langt yngre rådgjevaren Hanne, som er i ferd med å bli akterutsegla
familiefronten. Det er på tide å ta grep.


«Nei og atter nei» er ein skarp, morosam og ubehageleg roman om kjernefamiliens kår i eit samfunn
der lysta her og no er den edlaste leiestjerna og ingenting er så drygt at det ikkje kan forsvarast med
individet sin trong til fridom.


Med kritikarroste Maren Bjørseth i registolen og Ingunn Beate Øyen, Anders Mordal og Mari Hauge
Einbu på scenen, kan ikkje dette bli anna enn ein fest av ei framsyning, som mange vil kjenne seg så
altfor godt igjen i.


Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).

Billettar finn du her

 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk