Jubileumsforestilling Firda 100 år

Laurdag viser vi jubileumsforestillinga der dansekunstnar Jonas Øren frå Høyanger/Oslo er kunstnarisk ansvarleg.

Dato
17. september 2022
Tid
16:00 - 17:00
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Han er utdanna dansar med BA i klassisk ballett og MA i dans frå KHiO (Kunsthøgskulen i Oslo) og har fleire spennande prosjekt bak seg. Øren jobbar konseptuelt med dansen og tek spørsmål frå samtidas diskurs inn i prosjekta sine.

I jubileumsverket arbeider han og elevane ved MDD fram eit uttrykk som undersøker korleis teateret har skildra lærdom, kunnskap og skulesystemet. Dette blir sett saman med aspekt frå historia til Firda Gymnas. Elevane på Musikk, dans og drama er aktørar. 

Det blir mykje musikk, dans og teater. Alt dette vert smelta saman til ei fantastisk flott forestilling med MDD Vg2 og Vg3.

Vi ønskjer velkomen til ein flott kveld i Trivselshagen på Sandane.

Billettar finn du her

 

Arrangør

Firda vidaregåande skule
Postnummer og stad
6823 Sandane

Filter

Søk