torsdag 17. november 2022, 20.00 - 21.30

Informasjon

USA mot Kina – den neste store konflikten?

Mangeårig utanrikskorrespondent Ole Torp forklarer den vanskelege og farlege stormakt-situasjonen mellom USA og Kina sett i lys av situasjonen i Taiwan og fri ferdsel i Sør-Kina-havet. Kan det gå mot krig ?

Ole Torp har lang fartstid som journalist, med brei erfaring frå inn- og utland. Han er dei seinare åra kjend som programleiar for debattprogrammet «Aktuelt» og intervjuprogrammet «Torp». I alt har Torp arbeidd 30 år i NRK, der han òg har vore korrespondent både i Washington D.C og i Beijing. Med denne bakgrunnen har han eit skarpt blikk på ein av dei farlegaste konfliktane i vår tid.

Billettar finn du her

 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk