Landsbylaurdag - Musikkfest og Hurramegrundt

Landsbylaurdag  - det skjer som vanleg på Heradsplassen

 

 

Dato
10. september 2022
Tid
12:00 - 14:00
Stad
Sandane

Denne laurdagen er det både Landsbylaurdag og Musikkfestlaurdag.

Gloppen Musikkfest er på nest siste dag av festivalen, og denne laurdagen har dei mykje å by på!

Kl 12: Gratis konsert i gamle brannstasjonen, med festivalmusikarar, lærarar og elevar på Gloppen Kulturskule og det frivillige musikklivet.
Kl 14: Gratis familiekonsert - for alle! I samarbeid med Gloppen folkebiblioteket.
Kl 19: Festkonsert - i kultursalen i Trivselshagen
Kl 21: Klassisk nachspiel, festivalmusikarane og gjester – i fri dressur. Foajeen i Trivselshagen

Gloppen musikkfest -  gå til nettside

Det vert også arrangert Hurramegrundt denne landsbylaurdagen!

Ulike lag og organisasjonar lagar kjekk aktivitetsløype. Ta turen og prøv ut ulike tilbod vi har i kommunen! Aktivitetsløypa startar ved fjorden/gjestehamna, og går heilt opp til Trivselhagen i tidsrommet frå kl 12 – 14.

• Gloppen Jeger og fisk – fisking, smaksprøver frå Breimsvatnet, bålpanne med svelesteiking, pilkast.
• Nordfjordbåtlaget blir med på ein fin rotur!
• STIL fotball – 3’ar bane på Heradsplassen. Seniorspelarar i STIL inviterer alle som vil med på ein fotballmatch og sørger for FairPlay!
• Gloppen hobbyfotografar – arrangerer fotokonkurranse
• Gloppen sogelag – vandring i sentrum med historia til gamle hus. Oppmøte ved heradshuset kl 13.
• Fjellhug/Vereide har volleyballaktivitet for alle aldersgrupper.
• Gloppen Tango inviterer til ein svingom.
• Gloppen folkebibliotek ope mellom kl 12 – 14. Biblioteket har fått ei oppgradering i sommar. Kom innom og sjå kor fint det er blitt!

 

Sjå oversikt over andre Landsbylaurdagar i 2022

 

Filter

Søk