Lindesnes trekkspillklubb

Fredag 12. august er det duka for ei musikalsk oppleving litt utanom det vanlege i Kultursalen. Då kjem nemleg Noregs desidert mest kjende trekkspelklubb til Sandane.

Dato
12. august 2022
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Den over 30 år gamle Lindesnes Trekkspillklubb har begeistra og imponert i inn og utland med sine show og konsertar. Klubben spelar i alt frå grendehus og kyrkjer til operahus og store konsertsalar.


Til operaen
Då Den Norske Opera flytta inn i det nye operahuset i Bjørvika i 2008, bestilte trekkspelklubben plass til konsert i nybygget. Bestillinga vart ikkje teken heilt alvorleg, så det gjekk heile 12 år før musikalsk leiar Arne Vigeland og resten av klubben fekk spele i operaen, noko det også vart TV-program av.
Seinare vart det også konsert i Gøteborgsoperaen og klubben har hatt mange konsertar i Grieghallen, Stavanger Konserthus og fleire andre konserthus i inn og utland. USA og Canada har hatt mange besøk av trekkspelklubben, i tillegg til veldig mange land i Europa og alt i alt har det blitt godt over 3000 show på denne gjengen som dreg fulle hus over alt.


Glade amatørar
Lindesnes trekkspillklubb er samansett av amatørmusikarar med ei speleglede som slår det meste. Dei har ein dyktig musikalsk leiar i Arne Vigeland, ein av Noregs desidert beste steelgitaristar. Vigeland spelar både steelgitar og rytmegitar i orkesteret, i tillegg til å synge og kore. Ein annan dyktig musikar er den bosniske flyktningen Cazim Gerzic som har spelt med trekkspelklubben i mange år. Gerzic og Arne Vigeland, i lag med toraderspelar og vokalist Anita Granmo utgjer Arne Vigeland trio som spelar ein god del på sida av trekkspelklubben.


Fleire jølstringar
Dagleg leiar Rolf Arthur «Atti» Eikås, har røter frå Jølster og det same har trekkspelar Wenche Eikaas Karlsen Eikås. Men der er også to vaskeekte jølstringar, nemleg Ståle Kongsvik og Arne Reidar Solheimsnes. Kongsvik er rådmann i Farsund kommune og har vore med i klubben i 20 år. Han har også vore styreleiar i Lindesnes trekkspillklubb. Arne Reidar Solheimsnes som spelar torader, er kommen med i den seinare tid.
Trekkspelklubben har vore på Skei to gonger og var i Førde i fjor. No er det altså Sandane sin tur. Det er berre å glede seg.

 

Billettar finn du her

Kiem Loland  

Filter

Søk