Stardalen mannskor: Landet bakom blått

Stardalen mannskor inviterer til konserten «Landet bakom blått».

Dato
7. oktober 2022
Tid
19:30 - 20:25
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Gjennom nokre av Odd-Erik Lothe sine songar følgjer vi draumen om eventyret bakom blånene, utferdstrongen til lands og til havs og seinare lengta heim att til røtene.

Songaren, musikaren og komponisten Odd-Erik Lothe deltek sjølvsagt på konserten.

Trygve Apalset er musikalsk leiar. Synnøve Nordvik deltek også som solist, og orkesteret er sett saman av Jørn Moen, Geir Søreide, Eivind Kjørvik, Håvard Nordvik, Torgeir Apalset og Arne Søholt.

Stardalen mannskor har gjort stor suksess med konsertprosjektet «Vi vandrar saman i Nynorskens skog,» seinast i Grieghallen i oktober 21.

Billett finn du her

 

Arrangør

Stardalen Mannskor

Filter

Søk