Nytt tilbod til familier med årskort i Trivselsbadet

Breimsbygda skisenter og Trivselsbadet har inngått samarbeid som vil kome familiar til gode.

Tidspunkt
Tysdag 02.11.2021 12.00 - søndag 27.02.2022 12.00
Stad
Trivselsbadet

Dersom du kjøper familie-årskort i Breimsbygda skisenter, så inkluderer dette gratis bading for familien i Trivselsbadet ein valfri kveld i veka – måndag til fredag.  

På same måte vil familie-årskort i Trivselsbadet gje familien ein gratis kveldskøyring i Breimsbygda skisenter på ein vekedag. Ordninga gjeld ikkje i helgane.

«Vi ønskjer i første omgang å teste ut denne ordninga mot familiar. Det er kostbart for ein familie å kjøpe årskort begge plasser. Med denne ordninga får ein høve til å teste ut både ski og basseng. Og så er aktivitetane litt sesongavhengig. Medan ein ventar på snøen før jul, så kan ein bruke årskortet i bassenget. Vi ønskjer å legge til rette for aktivitet og at heile familien kan vere aktiv i lag. Så dette er eit godt folkehelsetiltak», seier Kjell Paulen i Breimsbygda skisenter.

Ordninga er tilgjengeleg for alle som kjøper årskort no. Familien får utskrive eit familiekort både i skisenteret og i badeanlegget som dei kan vise når dei nyttar ordninga. Om du nettopp har kjøpt årskort for familien i badeanlegget, så kan du ta kontakt med Trivselsbadet og få utskrive eit familiekort som du kan bruke i skianlegget. Det same gjeld i skisenteret.

Vi ønskjer familiar velkomen til ein flott vintersesong både på ski og i vatn!

 

Filter

Søk