Hest, fest og heimlengt! - avlyst

Konserten er desverre avlyst grunna nasjonale føringar rundt arrangement. Vi håpar å kunne setje den opp igjen ved eit seinare høve.

Dato
11. april 2021
Tid
18:00 - 19:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Om du trudde at countrymusikken berre var sår og trist, så har
dette firkløveret sett seg føre å motbevisa det, men kanskje tek
vemodet dei til slutt?


Konseptet byrja som eit tingingsverk for Den Intellektuelle
Countryfestivalen på Voss. Her skjøna dei raskt at hest ER best, og dei
bestemte seg for at fleire publikumarar burde få den same oppvakninga
om countrymusikkens sjel og opprinnelse. Om du likevel meiner du kan
alt om countrymusikken, har du i alle fall sjeldan fått det presentert på
ein slik morosam og underfundig måte. Kanskje det likevel kjem nokon
avsløringar du ikkje visste frå før?


Den som møter opp får sjå og høyra! Finn Tokvam er kjend frå både
radio og TV, og er forfattar og musikar på nasjonalt nivå. I denne
konserten får de oppleve han saman med landets mest hardtsvingande
rockabillyband, Twang gang frå Voss. Her får du både le og grina, og
forhåpentlegvis lært noko nytt.

 

Klikk for stort bilete 

Filter

Søk