torsdag 11. november 2021, 19.30 - 21.00

Informasjon

Ei magisk reise inn i Fantasy-riket.

Opera Nordfjord må utsette og flytte den planlagde SAGAS-turnéen for andre gong,  frå april til november, grunna den usikre situasjonen m.o.t. gjennomføring av kulturarrangement. Nye speledatoar er 11.november på Sandane, 12. november i Sogndal, 13. novmber på Nordfjordeid og 14. november i Førde. Endeleg skal altså publikum få oppleve den fantastiske orkestermusikken frå kjende fantasy-filmar, med stort kor, stort orkester, solist og konferansier. Det er ei glede å ønskje tilbake den svenske sopranen Sabina Zweiacker, som gledde publikum med si vakre stemme på SCORE i 2018.

Opprinneleg skulle filmmusikk-turnéen gjennomførast våren 2020, men måtte utsettast eitt år på grunn av korona-pandemien. For å sikre musikarane inntekter i inneverande år, har operaen klart å finne plass i veke 45 og har endåtil lagt til ein ny konsertarena, med Trivselshagen som ny turnédestinasjon.


Korsong har ikkje stått høgt i kurs dette siste året på grunn av stor smittefare ved song, men med utsetting til hausten, og etter effektiv vaksinering over heile landet,  vonar ein å igjen kunne samle eit stort felleskor frå musikklinja ved Firda vidaregåande skule og operakoret til samsong og samspel, på tredje forsøk!

Opera Nordfjord ønskjer velkomen til episke opplevingar med vakker musikk frå kjende fantasyfilmar, som til dømes Harry Potter, Game of Thrones og Narnia - i tillegg byr ein på utdrag frå Carmina Burana og utvalde dataspel. Dirigent er Michael Pavelich.

 

Billettar finn du her

Klikk for stort bilete 

 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


6770 NORDFJORDEID

URL: https://www.operanordfjord.no/

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk