Andsnes & Oslo-Filharmonien spiller Mozart på Festspillene i Bergen 2020

Mozart sine meisterlege pianokonsertar. På denne konserten avsluttar hundreårsjubilanten Oslo-Filharmonien Festspillene i Bergen 2020 med eit reint Mozart-program. Solist og dirigent er Leif Ove Andsnes, som leiar orkesteret frå pianoet i Oslo Konserthus.

Dato
17. januar 2021
Tid
17:00 - 18:40
Stad
Kinosalen

Saman framfører dei Mozart sin pianokonsert nr. 20 og 21 og hans første pianokvartett. Alle tre verka vart til i perioden 1785–1786, då komponisten var midt i ein voldsom kreativ periode som skulle endre pianokonserten for alltid. I løpet av to år skreiv Mozart ein serie mesterverk i sjangeren, der han såg på solisten og orkesteret sine roller på nytt og skapte uante mogelegheiter for kommunikasjon og dialog mellom musikarane.

Pianist Leif Ove Andsnes har begitt seg ut på eit fleirårig prosjekt med innspelingar og internasjonale turnear med utgangspunkt i disse to særdeles produktive åra i Mozart sitt liv.

Oslo-Filharmonien feira sine første hundre år sesongen 2019/2020, og markerte mellom anna jubileet med ein internasjonal turné saman med nettopp Leif Ove Andsnes.

Etter avlysninga våren 2020, snudde Festspela i Bergen seg rundt og skapte ein ny, digital festival på få veker. Til saman vart det over ein million  strømmingar av konsertar og forestillingar. Konserten med Oslo-Filharmonien og Leif Ove Andsnes runda av eit spesielt festspel, og mottok glitrande kritikkar i media. Dette er den første norskproduserte konserten som distribuerast til norske kinogjengarar.

Kjøp billett her!

Klikk for stort bilete   

Arrangør

Gloppen Kino

Kontakt

Gloppen Kino

Filter

Søk