fredag 11. juni 2021 - søndag 13. juni 2021, Heile dagen

Informasjon

Gloppen Musikkforum inviterer til 40+1års jubileum!

Vi er sjølvsagt stolte av å ha med oss Åge Aleksandersen & Sambandet under neste årets festival.  Årets hovudartist stod på scena under verdas fyrste Glopperock i 1980, og no skal dei igjen fylle Jølet på Sandane!

Det ligg mykje rockehistorikk i museumsområdet, og no kan publikum bu seg på å skape nye minner når Glopperock 2021 går av stabelen i Jølet på Nordfjord Folkemuseum, laurdag 12.juni. Med den fantastiske arenaen og atmosfæren i botnen, ser vi veldig fram til å feire 40 år med rock og sprell saman med fjerne og nære.

Heilt sidan starten har Glopperock jamt og trutt presentert unge, lokale talent. Komande festival er ikkje eit unntak. Vi har kapra Andrea Santiago frå Måløy (kjend frå The Voice og Stjernekamp) som  slår følgje med Alice Hugøy frå Florø (kjend frå Norske Talenter og The Voice). Desse to skal få utfolde seg saman med Kokken Tor, våre coverbandheltar med lokale Torbjørn Gran i spissen, og dra oss igjennom eit kobbel av låtar frå Glopperock sitt rikhaldige arkiv av band og artistar. Rosina i pølsa er Honndalen Soul & Funkarlag, som absolutt er eit namn mange minnast når ein tenkjer tilbake på festivalhistoria. 

Festivalen går av stabelen 11-13. juni.

Fredag kveld vert det Hagefest på Gloppen Hotell og søndag familiekonsert i Trivselsskogen.   

Klikk for stort bileteÅge & Sambandet Åge & Sambandet  

 Andrea Santiago

Klikk for stort bilete Gloppen Musikkforum  

Alice Hugøy

Klikk for stort bilete Gloppen Musikkforum  

Gå til nettstaden til Glopperock 

Stad


 

Kontakt


6823 Sandane

Tlf.: 57866616

(post): post@glopperock.no

URL: http://glopperock.no/index.html

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk