-
Dato
-
5. mars 2021
-
Tid
-
19:00 - 20:30
-
Stad
-
Kultursalen i Trivselshagen
Knut Marius vart for alvor kjent då han i 2013 vant The Voice på TV2. I vinter legg han ut på turne med band.
I alle år har Knut Marius sunge på engelsk. No har han, for fyrste gong, starta å skrive på norsk og då på si eiga dialekt. Kjærleiken er eit tema det er skrive om mange gonger. Då Knut Marius bestemte seg for å skrive låtar på norsk, sette han seg ned og tenkte gjennom kva for tema som betydde mest for han. Både i fortid og notid. Knut Marius har prøvd å skissere korleis han kan oppleve både oppturar og nedturar innafor det dei seier er størst av alt, kjærleiken.
Konserten vil by på heilt nyskrivne låtar på norsk, samt favorittar frå karriera så langt.
På scena står:
Knut Marius Djupvik: Vokal
Marius Simonsen: Trommer
Jonny Sjo: Bass
Tommy Kristiansen: Gitar
Haakon-Marius Pettersen: Tangentar
Arrangør
-
-
Gloppen Musikkforum
-
Postnummer og stad
-
6823 Sandane