onsdag 28. oktober 2020, 19.00 - 20.25

Informasjon

Ei ferd gatelangs med gitar saman med organisasjonar som jobbar for å skape betre livsvilkår for rusmisbrukarar og heimlause i Norge. Dokumentaren er eit ønskje om å vise viktigheten og forskjellen i det organisasjonane bidrar med, og korleis små bidrag frå kvar enkelt av oss kan vere med å gjere store forskjellar.

Torbjørn Gran frå Sandane har gjort alt av foto, video og lyd, samt er sjølv både ideskapar, produsent og regissør for denne dokumentaren.

Torbjørn livnære seg som musikar og har i heile sitt vaksne liv vore på lag med gatemiljøet, og hatt eit brennande ønskje om å bidra og hjelpe dei som har det mest utfordrande i samfunnet. Etter mange års engasjement med tilstedeværelse og bidrag i miljøet på gatenivå, gatekonsertar til inntekt for, og ikkje minst, eigne konsertar for rusmisbrukarar og heimlause, har han no vore med på innsida hos fire av dei mest markante og synlege organisasjonane vi har i dag. Målet har vore å fremme deira bodskap om korleis dei hjelpe, og korleis dei kan vere med på å endre både liv og opphald for svært mange menneske.

Torbjørn er klokkeklar i si tru på kva som er den beste måten å bidra på.

«Jeg har sittet på fortauet og spilt og sunget sammen med mine venner på gata, hatt med narkomane kompiser på kafe for å slå av en prat om dagsform, få et godt måltid og en god samtale. Jeg har blitt kastet ut av restauranter av samme grunn, måtte fulgt venner til døra for å få dem trygt inn på sofaen når de har vært syke og fått sin medisin, og jeg har blitt jaget gatelangs av politi og vektere i søk om å finne et tørt sted i vinternatta for at noen skal få hvile slitne øyne. Jeg har kjøpt gatemagasiner og delt ut klær som bidrag for en bedre hverdag.

Så alle vi, hver for oss, kan nok være med på å gjøre noen dager lysere for mange mennesker ved hjelp av våre enkeltbidrag, men organisasjonene kan gjøre den store forskjellen ved å skape varige endringer i hverdagen til mange rusmisbrukere og hjemløse».


Premierekvelden

Alt overskot av billettsalet går direkte til organisasjonane som er med i dokumentaren og deira arbeid på gatenivå. Denne premierekvelden blir det følgjande program:

19.00-19.15    Minikonsert med Torbjørn Gran i foajeen
19.20-19.25    Forprat i kinosalen
19.25-20.10    Dokumentarvisning
 

Billettar finn du her

Klikk for stort bilete 

Klikk for stort bilete 

Stad


 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk