Riksteateret: Høna, egget og reven

Det er ikkje så moro å være Høna når Egget hennar brått blir borte. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg.

Dato
13. september 2021
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

 

Klikk for stort bilete Riksteateret  Riksteatret byr på ei nyklekka teaterforestilling for dei minste. Her møte du Høna, ein søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av stad på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir ei spanande og verdsomspennande reise.

Undervegs møte dei mange forunderlege eggspertar: ein struttande og streng strutsemor, ein pertentleg og plettfri pingvinfar, ein hær hovudlause lus og ein kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøverugar mange egg, men ingen av dei føles heilt riktig.

Høna, egget og reven er ein morosam forestilling om venskap, tilhørighet og motgang, og om barn som blir annerleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet! 

For barn frå 4 år og alle voksne. 

På scena

Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine 

Team 

Regissør: Gunnar Eiriksson, Kostymedesigner, Scenograf: Kathrine Tolo, Scenograf, Videodesigner: Torbjørn Ljunggren, Scenograf, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen og Dramatiker: Nelly Winterhalder
Av Nelly Winterhalder

Forestillingslengde: 1 time (ingen pause).

Billettar

Kjøp

Billettar kan også kjøpast ved servicetorget på heradshuset eller i Trivselshagen sin kafè

Arrangør

Riksteatret

Filter

Søk