onsdag 1. juli 2020 - måndag 31. august 2020, Heile dagen

Informasjon

Nordfjord Folkemuseum fyller 100 år

 

Jubileumsutstillinga 100 år med Nordfjord Folkemuseum held ope frå 1. juli.

  • Vi ynskjer å vise at historia til museet er tett knytt til samfunnet elles. Mange av dei gjenstandane som har blitt samla inn i løpet av desse 100 åra ville dei som var pådrivarar for museet i si tid takka nei til. Det må sjåast i lys av samfunnet generelt, der vi har gått frå lokal- og handproduserte produkt til masseprodusert overflod for folk flest. Mange tema som var tabu eller sett ned på før, har ein også seinare fått auga opp for, seier avdelingsdirektør ved museet, Anne Kristin Moe.
  •  

Gjennom utstillinga får publikum sjå fleire av dei første gjenstandane, som vart samla inn fleire år før museet var ein realitet. Men mange nyare gjenstandar, som kan vekkje minner for folk i alle aldrar, er også henta fram frå magasina.

 

  • Vi har over 20 000 gjenstandar i samlinga, og 44 antikvariske bygg. Å presentere alt er ikkje mogleg. Det å velje og bestemme kva som representerer dagleglivet til folk i Nordfjord før og no er museet si oppgåve. Det er inga enkel oppgåve, og alle vil ikkje vere samde i våre val når det gjeld det vi tek inn i samlingane eller det vi syner fram i utstillingar. Å skape diskusjon om dette er også ei av oppgåvene våre, så slike diskusjonar helsar vi velkomne, understrekar Moe.

 På sjølve 100-årsdagen, laurdag 25. juli vert det ei markering.

 

Klikk for stort bileteSmørkanna - også logoen til Nordfjord Folkemuseum, museet har over 100 ulike typar av den i samlinga Nordfjord Folkemuseum  

Klikk for stort bileteKårdeklinga har museumsnummer 1, og er den første gjenstanden som vart registrert på museet Nordfjord Folkemuseum  Klikk for stort bileteBåde moderne og eldre historie i Nordfjord er henta fram når Nordfjord Folkemuseum fyller 100 år Nordfjord Folkemuseum  

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk