søndag 24. mai 2020, 17:00 - 18:37

Informasjon

Den bortskjemte rikmannshunden Bølle lever lykkelege dagar saman med si velståande matmor og hushjelp i den gigantiske villaen i byen sitt beste strøk.

Ein morgon møter ikkje matmor han som ho bruker og det viser seg at ho har gått bort. Etter kort tid dukkar to fjerne og temmeleg ufyselege slektningar opp for å få arven sin. Bølle vert kasta ut i kaoset som oppstår saman med alt anna frå villaen dei ikkje får solgt. Men dette er ei løysing som arvingane vil kome til å angre på.

Bølle må brått og brutalt lære at det finnst ein anna verden utanfor den han har tilbrakt all si tid i, og dei ufyselege slektningane innser litt for seint at dei faktisk er avhengige av hunden for å få arven sin. Dermed er sirkuset i gang. Bølle må no lære på den harde måten korleis han overlever som gatehund, og arvingane kjempar mot klokka for å få Bølle tilbake.  Og om ikkje det er nok har han ein profesjonell dyrefangar etter seg. Det vert mange dramatiske, morsomme, spennande og rørande augeblikk undervegs.

Dette er ein film som vil få fram latteren, men også minne oss om kva som er viktig her i livet.

Billettar

Kjøp billett her

 

: 95

: 115

: 85

: Wayne Roberts

: Komedie, Animasjon, Barnefilm

: Canada, USA

: https://youtu.be/h71Do2aXoNU

: 01:37

Stad


 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk