fredag 13. mars 2020 - måndag 13. april 2020, Heile dagen

Informasjon

Kjære publikum og engasjerte vener av både Kulturhuset Trivselshagen og Gloppen kino og resten av kulturhusa/kinoane over heile landet!

Tusen takk for at de er tolmodige, og for at de er så positivt innstilt til å vere med på denne dugnaden for å stoppe koronaviruset. For det er det dette er, ein felles innsats som forhåpentligvis sikrar at vener, familie, kollegaer og bekjente kan vere trygge i tida som ligg føre oss.

Som de no veit, er Kulturhuset Trivselshagen og Gloppen kino, saman med alle andre kulturinstitusjonar i landet, no stengt til og med torsdag 26. mars. I første omgong betyr dette at alle kinoframsyningar er avlyst og ei rekke arrangement i kultursalen er avlyst. Ein del av arrangørane håpar å kunne sette opp desse ved eit seinare høve.

Alle arrangørar i kulturhuset vårt som har avlyst arrangementa sine så langt ynskjer at du som publikum ikkje skal tape noko på denne uheldige situasjonen. Derfor vil alle refundere kjøpte billettar. Dei som har kjøpt billettar via nettet vil få billettane refundert automatisk. Det tek 2-5 dagar før pengane er på konto. For dei som har betalt med gåvekort på nett vil dei få tilført dette tilbake til gåvekortet sitt.

Dei som har handla lokalt på enten Servicetorget eller i Trivselshagen må scanne eller ta bilete av billettane og sende dette til trivselshagen@gloppen.kommune.no for å få desse refundert. Då dette gjeld ein del billettar vil refusjon lokalt bli mot eit gåvekort som kan nyttast hjå oss i Trivselshagen.  

Alle som har kjøpt billettar på nett til våre framsyningar og arrangement, vil bli kontakta pr e-post. Vi ber om at de har forståing for at ting tek nokre dagar no. Vi jobbar på spreng og har ein del avklaringar som vi ynskjer å ha på plass først. Har du spørsmål, ber vi om at dei blir sendt på e-post til trivselshagen@gloppen.kommune.no. I hovudsak vert desse svart på over helga.

Men vit dette! Alle som ein er klare på at kulturarrangørar i heile landet vårt vil kome sterkare tilbake. Med dette gir vi ei varm helsing frå både artist-Norge og våre kollegaer i kulturhusa rundt om i Norges land og seier; PÅ GJENSYN!

Stad


 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk