søndag 26. januar 2020, 13:00 - 16:00

Informasjon

Foredrag om husa våre

 

Søndag 26. januar kan du møte forfattar Kolbjørn Nesje Nybø på Nordfjord Folkemuseum. Han vil presentere boka si; «Husa våre – arkitekturarven i Sogn og Fjordane». Han tek også dei frammøtte med i nokre av dei antikvariske husa på museet.

 

24 bygningar eller bygningsmiljø i Gloppen er omtala i boka, mellom anna Heradshuset, Gloppen Hotel, Hotel Egge, Firda gymnas, Gimmestad gamle kyrkje, Vereide prestegard, Osmundnes gard, Karnilstunet, Gloppen mølle og Gimle ungdomshus. Nybø har også skrive om fleire av husa på Nordfjord Folkemuseum.

 

Det er Gloppen Sogelag, Selja Forlag, Norli Sandane og Nordfjord Folkemuseum som saman arrangerer kulturmøtet.

 

Meir info på:  Facebook

 

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete

Stad


Gota 16,  6823 Sandane

Tlf.: 57884540

(post): nfm@misf.museum.no

URL: http://www.nordfjord.museum.no/

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk