torsdag 27. februar 2020, 20:00 - 21:30

Informasjon

Teater Vestland kjem til Aulaen med framsyninga 100 Songar

Klikk for stort bilete

Eit kjærastepar flørtar med kvarandre, og ei kvinne kjem springande for å rekke toget. På stasjonskafeen skiftar musikken frå «Don’t dream It’s over» til «Bette Davis’ Eyes», og gjennom glasruta møter servitør Sally blikket til ein framand. I det same glepp ein kopp ut av hendene på henne. Den går i knas mot golvet, og verda står i brann. 
 
«100 songar» tar for seg ein periode på fire minutt og fire sekund, frå folk stimlar saman på perrongen klokka 08.51, og til toget går opp i flammar like etter at det har forlate stasjonen klokka 08.55. 
 
Til ein rytmisk struktur av ulike songar blir historia snurra tilbake til minutta og natta før det smell. Dei reisande fortel om livsviktige møte som dei har hatt, om draumar og om songane som får dei til å nynne i morgontrafikken. Alle har sin eigen melodi på leppene, fram til klokka blir fem på ni, og stemmene deira eksploderer i ein kakofoni.
 
«100 songar» er eit rekviem som handlar om døden, men snakkar om livet. Roland Schimmelpfennig løftar fram historiene til ei rekke tilfeldig forbipasserande. Han er utan tvil ein av dei mest tonegivande dramatikane i vår tid, spelt over heile verda, og vi er umåteleg stolte av å ha norgespremiere på «100 songar». 

Framsyninga vert spelt i «black-box» som har eit avgensa tal plassar. Det er kun plass til 60 stk på denne intimframsyninga

Billettar

Kjøp her

Billettar kan også kjøpast ved servicetorget på heradshuset eller i Trivselshagen sin kafè


Om forestillinga

Av Roland Schimmelpfennig
OMSETJING Tove Bakke
REGISSØR OG SCENOGRAF Terje Skonseng Naudeer
LYSDESIGN Krystian Myska 
LYD Robert Tomkiewicz
KOSTYMEKONSULENT/REKVISITØR Synnøve Ringdal
Colombine Teaterforlag

Medverkande

Idun Losnegård
Irene Waage
Jon Ketil Johnsen
Kyrre Eikås Ottersen
Preben Lillebø Rongve
Reidun Melvær Berge
 

Stad


Firdavegen 21,  6823 Sandane

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk