laurdag 8. februar 2020, 12:00 - 14:00

Informasjon

Landsbylaurdag - Kjærleikslaurdag

8. februar møtast vi i fjordlandsbyen Sandane i kjærleikens og vennskapets teikn. Barnehagane har pynta landsbytreet med hjerter. Det er morsdag på søndag, Valentins-dag neste fredag. Denne laurdagen kan vi bruke til å vise dei rundt oss at vi bryr oss!

Klikk for stort bilete


Kulturprogram frå kl 12:

Kl 12.00 Song av Malin Alander og elevar frå Gloppen kulturskule
Kl 12.30 Smakebit frå musikalen Grease med elevar frå Firda vgs
Ord om kjærleik og vennskap ved Hanne Oftedal
Hjerte-rebus i sentrum for dei unge

Stand med Gloppen Janitsjar. Berre eit lite hint – på skotårsdagen er det lov for jenter å fri! Og forresten har Janitsjaren konsert på Skotårskvelden i kultursalen!

Bruktsal på skiutstyr:
Vi viser omsorg for miljøet og arrangerer bruktsal av vinterutstyr på Heradsplassen. Sal av ski, skisko, skøyter og akebrett. Idrettsklassa på Firda vgs tek i mot alt utstyr som du har rydda unna og som ikkje blir brukt/eller er for lite frå kl 11 denne dagen.

Lag hjerte på Upscale til Trivselsskogen eller til nokon du er glad i.

I butikkane finne du kjærlege tilbod.

________________________________________________________________________________________________

Landsbylaurdag  er ein møteplass der lag og organisasjonar, kulturaktørar og næringsliv i fellesskap bidreg til eit meir levande sentrum. Det er Landsbyrådet som står bak ideen, og målet er å skape eit hyggelig og inkluderande treffpunkt med ulike aktivitetar/tema gjennom året.  Vi vil at Sandane skal vere eit trivelig sentrum der alle innbyggjarane og besøkande føler seg velkomne. 

Så har du ein god ide eller ønskjer å delta – så høyrer vi gjerne frå deg!

Sjå oversikt over alle landsbylaurdagar i 2020

Stad


6823 Sandane

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk