laurdag 13. juni 2020, 18:00 - 23:55

Informasjon

Glopperock tilbake i Jølet: Åge & sambandet 

 

Glopperock fyller 40 år og skal tilbake til Jølet.

Norge sin eldste rockefestival rundar 40 år. I den samband vil arrangørane tilbake til festplassen på Nordfjord Folkemuseum, på folkemunne også kjent som berre Jølet. –Vi nærmar oss vel fast plass på eit museum uansett, så kanskje like greitt å gjere det frivillig, fortel festivalsjef Remi Tystad med eit smil rundt munnen. No er han og dei andre arrangørane i Gloppen Musikkforum klare for ein ny festival. 
I mange år var Glopperock ein av få rockefestivalar i landet og tiltrekte seg store namn frå både inn- og utland til Jølet. Dei seinare åra har konkurransen vorte hardare med fleire nye festivalar i nærområdet. Dermed har arrangørane skalert ned arrangementet og hatt mindre festivalar med sentrumskonsertar og klubbkonsertar. Men når festivalen rundar 40 år, måtte dei tilbake til røtene. Og det er grønt gras og stor scene i Jølet. 
-Vi både gruar og gler oss til å kome tilbake til Jølet, seier Tystad. Gruar oss sidan det er ein del ekstra arbeid med å bygge opp eit festivalområde i Jølet, men gler oss sidan det er ein heilt fantastisk konsertarena. Det er på ein måte heimen til Glopperock.
Utanom konsertane ynskjer arrangørane å skape ei anna oppleving i Jølet. Saman med lokale matprodusentar ynskjer dei å tilby lokale delikatesser til festivalpublikummet i  staden for den vanlege festivalmaten. I tillegg vert det konsert på Gloppen hotell fredagen og familiekonsert i Trivselsskogen på søndagen. 

ÅGE ALEKSANDERSEN & SAMBANDET toppar Glopperock-plakaten 

Klikk for stort bilete

I 1980 toppa Åge Aleksandersen og Sambandet Glopperock-plakaten på det aller første arrangementet.  40 år seinare har vi fått Åge tilbake og vi skal «heim» til Jølet. Det gler vi oss stort til, seier festivalsjef Remi Tystad.  
I 2020 legg Åge Aleksandersen & Sambandet ut på vegen i ein eksklusiv norgesturne med berre ca.16 konsertar. Åge spelar på Glopperock laurdag 13.juni. 
-Åge Aleksandersen er gudfaren innan norsk rock. Ein legende, skryt Tystad.
Åge har sidan slutten av 1960-åra vore ein av dei fremste representantane for norsk rockemusikk og bidrege sterkt til å få norske tekstar akseptert i rockemusikken. Han har motteke ei rekke utmerkingar og prisar. 
Då Åge Aleksandersen gav ut «Levva Livet» i 1984 blei albumet tidenes mest selde i Noreg med over 260 000 selde eksemplar. I tillegg blei det skreve eit nytt kapittel i norsk rockehistorie då Åge & Sambandet spelte i Royal Albert Hall som fyrste norske headliner nokon sinne  – ein konsert som vart utseld på rekordtid. Åge & Sambandet er større enn nokon sinne, og dei avslutta sin turne i 2019 i Oslo Spektrum til strålande kritikkar. -Dei er garantistar for god stemning og store konsertopplevingar, seier festivalsjefen.
Konsertane med Åge har samla store mengder publikum dei seinare åra, og då blir Jølet ein liten og intim arena. Vi har ca. 1500 billettar tilgjengeleg, så her kan det bli rift om billettane når salet startar måndag 23.desember, fortel festivalsjefen. 

Fleire kjem

I tillegg til Åge Aleksandersen og Sambandet kjem rockebandet Kokken Tor. Dei har invitert med seg fleire musikalske vener til ein kavalkade av rockehits som ein gjennom 40 år har fått høyre på Glopperock. -Vi har også fått på plass dei lokale legendane i Honndalen Soul & Funkarlag, så no er det berre nokre få namn att før vi har klart heile programmet, avsluttar festivalsjefen.

Klikk for stort bilete

Billettar

Sikre deg billettar (på TicketCo.no) - billettsalet startar 23. desember kl 10

Kjøp her
 

Stad


 

Kontakt


6823 Sandane

Tlf.: 57866616

(post): post@glopperock.no

URL: http://glopperock.no/index.html

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk