torsdag 27. februar 2020, 20:00 - 22:00

Informasjon

Gå inn i din tid

Thomas Hylland Eriksen er sosialantropolog og forskar. Han har gitt ut ei rekkje bøker og er ein aktiv samfunnsdebattant, gjerne i spørsmål som handler om identitet, etnisitet, globalisering og «det fleirkulturelle samfunnet». - Den offentlige samtalen hadde ikke vært den samme uten Thomas Hylland Eriksen, uttalte juryleiaren då Hylland Eriksen fekk Akademikerprisen 2019.

Dag Herbjørnsrud er idéhistorikar og sakprosaforfattar og initiativtakar til Senter for global og komparativ idéhistorie. Han er tidlegare ansvarleg redaktør i Ny Tid og har jobba som journalist og kommentator i Aftenposten. Herbjørnsrud har skrive fleire bøker, mellom dei Norge – et lite stykke verdenshistorie (2005) og Globalkunnskap. Renessanse for en ny opplysningstid (2016)

Saman gav Herbjørnsrud og Hylland Eriksen i 2019 ut boka "Gå inn i din tid. Thomas Hylland Eriksen i samtale med Dag Herbjørnsrud".
Frå omtalen av boka:
Smarttelefonar, klima, innvandring, internett, lykke, overflod, globalisering – dette er berre nokre tema som sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen har debattert i norsk offentlegheit dei siste 30 åra.
I "Gå inn i din tid"  samtalar han med sin tidlegare student, idéhistorikar Dag Herbjørnsrud. Det siste året har dei drøfta vår tids brennbare spørsmål på fem ulike stader som har betydd mykje for Hylland Eriksen, før blikket blir vendt mot 2020-talet.

Billettar

Kjøp her

Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på heradshuset og i Trivselshagen sin kafè.

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk