fredag 14. februar 2020, 18:00 - 20:00

Informasjon

Årets musikal på Firda er «Grease» frå 1972, skrive av Jim Jacobs og Warren Casey. Det er 3.klasse ved Musikk, dans, drama som set opp denne  musikalkomedien. Mange kjenner sikkert til filmen «Grease» som kom i 1978, der John Travolta og Olivia Newton-John hadde hovudrollene som Danny og Sandy. 

Klikk for stort bilete

Handlinga i musikalen går føre seg på Rydells High school  på 1950-talet, og handlar om Danny og Sandy som har forelska seg i kvarandre i løpet av sommarferien. Etter ferien møtest dei att på same skule, men «alt» er forandra. Danny er redd for å miste statusen han har i vennegjengen, tøffar seg og skyv Sandy unna. Sandy på si side blir utsette frå kraftig press frå deler av «Pink ladys» som tykkjer ho godt kan løyse litt opp og bli mindre prippen. Handlinga i komedien kretsar rundt tematikk som identitet, gruppepress og mot til å ta eigne  val. Og sjølvsagt vert det mykje musikk med kjende låtar som «Summer nights», «Grease lighting» og «We go together».

Billettar

Fredag 14. februar kl 18 Kjøp

Laurdag 15. februar kl 16 Kjøp

Billettar kan også kjøpast ved servicetorget på heradshuset eller i kafeen i Trivselshagen kulturhus

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


6823 Sandane

URL: http://firda.vgs.no/

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk