onsdag 4. mars 2020, 19:30 - 21:30

Informasjon

Silje og Espen inviterer til ei nær, intim og eksklusiv konsertoppleving i Trivselshagen.

Klikk for stort bilete

Silje har starta eit spennende samarbeid med den framadstormande jazzpianisten Espen Berg frå Hamar. Espen fekk Norges største musikkpris under Moldejazz i 2016, og vert sett på som ein pianist i verdsklasse. 

Silje har reist rundt om i verda med sine eigne songar i flere tiår, og hennar musikk blir stadig covret internasjonalt.  Albumet «At First Light» er Norges mestselgande jazzalbum gjennom tidene.
Duoen har plukka fram songar fra Silje sin store musikkatalog og gjer ein «best of»-konsert med vakre versjonar av hennar mest kjente, bl.a. Be Still My Heart, The Waltz, Japanese , Blue og Tell Me Where You’re Going. Dei overraskar også med sine heilt eigne tolkingar av kjende klassikarar. 

Silje og Espen inviterer til ein nær, intim og eksklusiv konsertoppleving – i blant også med publikum oppe på scena – og dei tek lyttarane med inn i dei personlege historiene bak songane. Espen si utsøkte og dynamiske pianospeling får verkeleg Silje si vakre og unike stemme til å skine. Duoen gir deg ei konsertoppleving som er rein medisin for øyre, hjarte og sjel.

Billettar

Kjøp

Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på heradshuset og i Trivselshagen sin kafè.

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk