laurdag 29. februar 2020, 20:00 - 22:00

Informasjon

Laurdag 29. februar klokka 20.00

Klikk for stort bilete
 

Det er skotår igjen, og Gloppen janitsjar byr nok ein gong inn til Skotårsgalla. Denne gongen treff det heilt perfekt, det er skotårsdag, laurdag og gallakveld samtidig den 29. februar.
Det er også eit femårsjubileum, det er femte gongen janitsjaren inviterer til Skotårsgalla sidan første konserten i 2004. Ingen som var der gløymer skotårgallaen med Nordic tenors i 2012, eller den med Frode Alnæs i 2016. Eller den i 2008 då vi fekk eit ekte skotårsfrieri! 

Tradisjonen tru vert gallaen ei fin blanding av nyttårskonsert og lett underhaldningskonsert, der korps og gjester har samla eit passe knippe perler populærmusikk frå nært og fjernt, både i geografi og tid. 

Og heilt i takt med tida er gjestene i denne gongen kortreiste. Janitsjaren har fått med seg EIVIND KANDAL, JØRN MOEN og ROGER ANDREAS HOLME. Alle tre skulle vere godt kjende for glopparane. Saman ønskjer korps og gjester velkomen til ein ny festkveld.

Billettar

Sikre deg billett til denne festkvelden!

Kjøp her

Billettar kan også kjøpast ved servicetorget på heradshuset eller i Trivselshagen sin kafè

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk