fredag 24. april 2020, 19:30 - 21:00

Informasjon

Breimskoret inviterer til cabaret!

Årets cabaret med Breimskoret går av stabelen i slutten av april og har fått tittelen «Enklare liv?». Mange av oss strevar med tidsklemma i kvardagen vår og lengtar etter mindre kaos, mindre stress og til eit enklare liv. Kor vanskeleg kan det eigentleg vere?

I årets cabaret prøver ein av hovudpersonane å finne ut av dette. Han er ein over gjennomsnittet aktiv pensjonist som ikkje ligg på latsida, men som stadig leitar etter inntektsgjevande prosjekt han kan spe på trygda med. Denne gongen er det ein antistress-camp. Konseptet er enkelt: fisking, øl, enkel fingermat ( med andre ord potetgull) og soving i hengekøye. Ikkje alt er heilt gjennomtenkt, og når han så får høve til å prøve ut campen på nære vener, vert det avdekka store manglar i både finansieringsplanen og antistress-programmet. For kor avstressande er det eigentleg å vere ute i naturen utan mobil? 

I kjend Breimskorstil vil årets cabaret ha rikeleg med god musikk og song framført av eit sprudlande kor under kyndig leiing av dirigent Solfrid Bjørkum. Vi kan nemne låtar som «Bridge over troubled water», «Har du fyr» og «Aks av gull» Og i år som elles har vi med det faste orkesteret under leiing av Arne Søholt. Han har også denne gongen arrangerte låtane for koret.

Manus til cabareten er det Gunn Tone Moen som har skrive og ho har også regien på framsyninga. 

Billettar

fredag 24. april 

laurdag 25. april

Billettar kan også kjøpast ved servicetorget på heradshuset eller i Trivselshagen sin kafè. 

Klikk for stort bilete
 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk