tysdag 20. oktober 2020, 19:00 - 21:00

Informasjon

I dette humoristiske teaterstykke «Vestland, Vestland» får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på. 

Klikk for stort bilete

Kva skjedde på Gulatinget?
Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?
Går det an å flørte i dalatrekk?
Er det trist når nabosvinet døyr?
Kva har skjedd og kor er vi på veg?
Kort sagt: Kven er vi?
 
Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket.

Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandre vidare saman. 

På scena

står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Finn Tokvam har skrive teksten, inkludert ei rekke songar som er tonesette av Odd-Erik Lothe. Arvid Ones har regien. «Vestland, Vestland» er produsert av Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.
AV Finn Tokvam
REGI Arvid Ones                    
LYSDESIGN Krystian Myska
KOMPONIST Odd-Erik Lothe 

Medverkande

Claus Sellevoll
Sigrid Moldestad

Billettar

kjøp her

Billettar kan også kjøpast ved servicetorget på heradshuset eller i Trivselshagen sin kafè

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


6823 Sandane

URL: www.trivselshagen.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk