torsdag 29. oktober 2020, 20:00 - 22:00

Informasjon

Presidentvalet i USA

Klikk for stort bilete

Til mange si overrasking, i 2016 vann forretningsmannen og republikanaren Donald Trump det amerikanske presidentvalet. I dette føredraget, få dagar før presidentvalet 2020, viser dei tidlegare USA-korrespondentane Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen kva som er dagens situasjon. Kan Trump vinne igjen?

Joar Hoel Larsen

har ein lang karriere bak seg som journalist i utanriksredaksjonen til NRK. Han har vore korrespondent i Latin-Amerika og USA i fleire periodar, og dessutan jobba som stringer i New Dehli. Hoel Larsen har også skrive fleire bøker, mellom dei Dead or Alive – Cowboyer i amerikansk politikk fra Davy Crocket til George W. Bush (2008). 

Eva Bratholm

har bakgrunn som journalist, programleiar og rådgivar. Som journalist har ho arbeidd mykje med utanriksstoff, og særleg med amerikansk politikk og samfunnsliv. Bratholm har mellom anna vore korrespondent for NRK i Washington D.C.  og utanrikssreporter for Dagbladet i New York. Ho har også skrive to bøker med utgangspunkt i den amerikanske storbyen.

Billettar

Kjøp her

eller kjøp direkte ved servicetorget på heradshuset eller i kafeen i Trivselshagen


 

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk